Konsert 21 mai 2021 Sauland Skule

EVENT INFORMATION
JULEKONSERT UTSATT
Med bakgrunn i covid-19 situasjonen og regjeringa sine reglar for gjennomføring av arrangement må vi dessverre utsette vår konsert «fredag før jul» med Arve Tellefsen, Knut Buen, Kjetil Bjerkestrand, Håkon Kornstad og Jie Zhang i fleirbrukshallen i Sauland 18.desember.


MERK AT KONSERT I TUDDAL GÅR SOM PLANLAGT


Vi har likevel vore så heldige at alle artistar ynskjer å stille opp når rammene for slike arrangement er betre. Konserten blir difor utsett til fredag 21.mai (fredag til pinse). 
Alle som har kjøpt billett vil kunne nytte denne på den utsette konserten. Da treng du ikkje foreta deg noko.
Ynskjer du å få refundert konsertbilletten så har du tid på deg til 15.januar. Da sender du ein e-post til postmottak@hjartdal.kommune.no med namnet billetten er registrert på og skriv at du ynskjer refusjon. 
Det vil gå nokre dagar etter 15.januar før pengar førast attende på din konto.
Vi gler oss til å samle flest mogleg av dykk til ein festaften i fleirbrukshallen på Sauland skule 21.mai 2021.

Arrangør: Tuddal Culture Center og Hjartdal Kommune